Du fortener alle ressursar når du no skal gå inn i dette livsomveltande kapittelet av livet.

Her får du samlepakka der du både får e-boka "Frå positiv test til fødsel", i tillegg til arbeidsboka Foreldreprepp.

Denne pakka er perfekt for deg som skal få barn, og vil gå det nye livet i møte med stålkontroll og legge til rette for ei best mogleg svangerskapstid, barseltid, best mogleg psyke og forhold. I tillegg får du praktiske guidar og sjekklister. Verkeleg ei gullgruve for nye og fleirgongsforeldre! Laga for både den gravide og partnar/støttespelar.

Frå Positiv test til fødsel er ein praktisk guide til alt du bør gjennom i dei tre trimestra, kva du burde gjere når, planlegge, vite og førebu deg på.

Foreldreprepp er ei arbeidsbok med konkrete verktøy for å gjere deg klar. 169 sider og 12 små og store hefter! Planlegging av barsel, permisjon, arbeidsfordeling, økonomi, deg sjølv og forhaldet + utstyrsliste, sjekkliste for bilstolsikring, trygg soveplass, mal til fødebrev, pakkeliste til fødebagen og ein stor Bæretøyguide som gjer deg klar til å lære å bære trygt, behageleg og med tips til konkrete bæreselar.

Tanken er at du skal sleppe å måtte sjekke ørten-og-førti ulike kjelder for å få oversikt, og bli totalt overvelda av informasjonsflyten og ikkje ane kva som eigentleg er viktig å vite og ikkje. Her får du det du treng, samla på ein plass.